mandag 25. mai 2009

Normalisering til nynorsk

Forteljing av Knut K. Homme

Maten er ikkje så viktig fyrst ein er mett og har nok av han, men fyrst ein er svolten og ikkje har matbiten, då vert det det viktigaste i verda for oss. Nokre gonger handla me i handelsbua og valde oss mat og fylte hyllene stappfulle, og dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffar maten, kva det krev av arbeid og andre innsatsfaktorar.

Men me skal ikkje så langt tilbake i tida før kvar mann skaffa seg maten sjølv, i alle fall på bygda. Og då var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var flatbrød og graut, graut og flatbrød. Men til jul var det mogelegheit for noko sjeldsynt og godt, noko spesielt. Og då var mange ivrige etter julefisk, dersom dei ikkje hadde vore i bekken og fanga fisk då.

Julefisken skulle helst vera stor og raud, og då måtte han på høgheiane. Før jul har folk nokolunde god tid, og då kunne ein vere borte nokre dagar. Husa var kalde og dagane var korte, så ein måtte kle seg godt og tette ljoren når ein ikkje fyrte og bruke saueskinnsfell eller sengeteppe om nettene. Med eld som flakka på tømmerveggane, vore det fortalt mang ei soge dei lange kveldane.


Kjenneteikn


Valledialekten skil seg ut blant mange norske dialektar fordi han er ein av dialektane som er ekstra vanskeleg å forstå, om ein ikkje snakkar han. Det er fleire måltrekk frå dialekten som kan finnast igjen i forteljinga til Knut K. Homme. Det at ll blir dd kan me sjå ved at stappfulle blir stappfudde, og at hv blir kv ser me i kvær og kvendagsmaten. Det er også sterke verb i presens, noko som kjem’e og søv’e er døme på. Apostrofen tyder også at ein bokstav eller staving vert borte i slutten(Stavemåtar for Setesdalsmålet 2009). Eit døme på e-infinitiv er å have, og dette er eit dialekttrekk som er å finne i vallemålet. Nektingsordet dei brukar i denne dialekten er inkji, som i ”inkji hève matbiten”. Dei seier også mi, som i ”men mi sku ’kji så langt ti’bakers”. Det er også bruk av dativ frå norrøn tid, og eg reiser inni bilen, men eg site i bilæ er eit døme på korleis det kan høyrast ut. Ordet bygda bøyes i bygdo og bygdi. Andre kjenneteikn er kjønnsbøygde taleord og tungespiss-r, men når det gjelder høgtone og lågtone, ligg valledialekten midt på grenselandet.

Ingen kommentarer: